Odda Smelteverk var verdas største karbidfabrikk då flammane for første gong lyste opp natta i den trange Odda-dalen. Og sjølv om bondesønene opplevde det som å gå lukt inn i eit glødande helvete, har fabrikken holdt liv i folk i nesten 100 år.
Tusenvis av føtter har gått gjennom portane. Generasjon etter generasjon etter generasjon. Føremiddag. Ettermiddag. Natt. Eit eige kretslaup der Smelteverket var sjølve hjartet.

No har hjartet slutta å slå. Ovnen er kald og kontrollromma tomme. Alt er berre støv. Alt er berre stille. Men det finst spor – av liv, slik det var innafor portane, – av personlegdom og identitet, slik ho eller han var: Smelteverksarbeidaren.
Og kanskje høyrest eit ekko av fabrikken sine eigne andedrag, der den står og stirer ut i dagar og netter med lett tilslørte ruter, og ventar på dei som aldri kjem att.
Kanskje er det spor og ekko ”Fragmenter” har fanga inn, noko som er borte, men ikkje heilt. Noko som er taust, men likevel ikkje stille. Bileta har sitt eige språk som held fram der orda stilnar.

Tone Mannsåker
Odda

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.